Ash Ra Tempel er eit tysk krautrockband frå 1970-åra som òg spela såkalla kosmisk rock eller space rock.

Ash Ra Tempel
OpphavBerlin i Tyskland
Aktiv1970–1976
2000–2001
SjangerKrautrock
Space rock
Psykedelisk rock
Tilknytte artistarAshra
Eruption
Klaus Schulze
The Cosmic Jokers
Bettina Hohls
Timothy Leary
Agitation Free
Wallenstein
PlateselskapOhr
Virgin
Komische
King
Cleopatra
Spalax
MedlemmerManuel Göttsching
Klaus Schulze
Tidlegare medlemmerHartmut Enke
Timothy Leary
Rosi Mueller
Lutz Ulbrich

Historie endre

Gruppa vart starta av gitaristen Manuel Göttsching, klaverspelaren og trommeslagaren Klaus Schulze og bassisten Hartmut Enke i 1971. All tre hadde tidlegare spela i den kortvarige gruppa Eruption som Conrad Schnitzler starta. Før det hadde Schnitzler og Schulze arbeidd i lag i Tangerine Dream.

Eit kortvarig psojekt Manuel Göttsching hadde i 1970 heitte Steeple Chase Blues Band, og med her var òg Hartmut Enke, Wolfgang Müller og Volker Zibell.

Ash Ra Tempel gav ut debutplata si i juni 1971. Denne utgjevinga vert av kritikarane rekna for å vere ein klassikar innan sjangeren. Schulze slutta i bandet ei stund for å ta seg av solokarrieren sin etter at debutplata kom ut. Schwingungen (1972), Seven Up (med Timothy Leary) (1972) og Join Inn (1973) vert alle rekna som dei sentrale verka til bandet. Det meir pop-orienterte albumet Starring Rosi frå 1973 fekk dette namnet fordi Rosi Mueller var vokalist.

Musikken deira vert karakterisert som kosmisk eller atmosfærisk. Dei tidlege albuma deira var meir psykedeliske og hadde alle eitt langt spor per side: ein meir kraftfull og dramatisk, og den andre meir atmosfærisk. Sidan tysk språk ikkje var særleg populært i rockemusikken på den tida, valde dei å ikkje ha tekstar på songane sine.[1]

Den originale besetninga kom saman att for ein konsert i Köln den 28. februar 1973.[2]

Seinare, etter å ha spelt inn filmmusikken til Le Berceau de Cristal (1975; kom ut i 1993) endra Ash Ra Tempel namn til Ashra, og vart samstundes meir melodisk og synthesizerbasert. I 2000 kom bandet saman att med Manuel Gottsching og Klaus Schulze. Paret hadde tidlegare arbeidd i lag på Schulze-albumet In Blue.

Innverknad endre

Ash Ra Tempel har hatt relativ stor innverknad på seinare space rock- og krautrock-band. Dei psykedeliske banda Acid Mothers Temple og Hash Jar Tempo har namn som referer til Ash Ra Tempel.

Diskografi endre

Studioalbum endre

Konsertalbum endre

Samlealbum endre

  • The Best of the Private Tapes 2xCD (1998) (demo-innspelingar)
  • Schwingungen/ Seven Up (1998) (To i ein)
  • Join Inn/ Starring Rosi (1998) (To i ein)

Kjelder endre

  1. «Ashra - Offisiell side». Henta 10. april 2013. 
  2. The Making of 7-Up, arkivert frå originalen 7. februar 2012, henta 10. april 2013 

Bakgrunnsstoff endre