Tartaros

(Omdirigert frå Tartarus)

Tartaros (òg skrive Tartarus) er i gresk mytologi ein del av underverda (Hades, òg: helvete, skuggeriket). Tartaros er straffebyen i underverda. Tytios, Ixion, Oknos, danaidene, Sisyfos og Tantalos er dømd til evig fortaping i Tartaros.

Persefone ser på Sisyfos som skyv steinen sin i underverda. Side A av ein attisk svartfigur-amfora, ca. 530 f.Kr. Frå Vulci.

Dei gamle romarane kalla dei plyndrande hunarane tartarar, fordi ein meinte at dei kom direkte ut frå underverda Tartaros.

Genealogi til dei greske urgudane

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tartaros