Hades (gresk ᾍδης, Hadēs eller Ἅιδης, Háidēs, 'usett') er namnet på dødsguden og det underjordiske dødsriket han herskar over i gresk mytologi.

Hades

Opptrer iHades
Identifisert medPluton
MorRhea
FarKronos
EktefellePersefone
SambuarMinthe, Leuce
BarnMacaria, Zagrevs
Hades med vakthunden Kerberos.

Hades blei framstilt som ein majestetisk eldre mann som kunne halda eit septer, ein kvist, eit overflodshorn, eit granateple eller ein kopp. På nokre greske vasar er han avbilda med blikket vend vekk frå dei andre gudane.

Mytologi endre

 
Bortføringa av Persefone er den best kjende soga knytt til Hades. Vase frå rundt 340 f.Kr.

Hesiod fortel av Hades er son av Rhea og Kronos i sin Theogonia. Hades er dermed bror av gudinnene Demeter, Hestia og Hera og bror av Zevs og Poseidon, som han deler verdsherredøme med. Hades er gift med Demeter si dotter Persefone, som han har bortført frå den øvre jorda. Fordi Persefone åt av maten til Hades, må ho bu i underverda, men får venda tilbake til jorda og mor si halve året.

Dødsriket var sett på som ein mørk og dyster stad. Fram til midten av 400-talet f.Kr. var dette staden alle døde enda opp. Seinare førestilte ein seg også at særskilde sjelar gjekk opp i øvre luftlag (aither).

Ferjemannen Karon frakta døde over elva for å koma inn i dødsriket. Inngangen til Hades blei vakta av Kerberos, ein hund med tre hovud.

Namn endre

attisk gresk var namnet Hades stort sett brukt om guden, men på andre dialektar blei det også brukt om den greske underverda. I alle høve bruket ei rekkje uttrykk Hades, som «Hades-porten», «Hades-hallen» og «vegen til Hades». Etter Homer si tid blei namnet Hades brukt ikkje berre om guden for dei døde, men også sjølve dødsguden eller til og med døden. Grekarane frykta å uttala det rette namnet hans.

Hades hadde tilnamnet Polydegmon, 'den som tek imot mange gjester'. Han var også kjend under namnet Pluton, 'rikdomsgjevar', noko som viste til rikdommen – grøde, ferskvatn og mineral – jorda gav.

Kult endre

 
Tilbedingsbilde av Pluton og Persefone som grødegjevande par.

Som døden sjølv (Thanatos) vørde ikkje Hades bøner eller offer, og han blei lite dyrka i det gamle Hellas. Ein kjenner to unntak: Hades-kulten ved Elis, der tempelet opna éin gong i året for ein prest, og eit område tileigna han ved Minthe-fjellet nær Pylos. I tillegg blei namnet hans brukt på rituelle forbanningsstykke, ofte i samband med Demeter og Kore (Persefone) eller med erinyene, moiraene, Hekate, Hermes og Persefone.

Hades blei derimot dyrka som grødegud under namnet Pluton, ofte saman med Persefone. Paret var også kjend som Pluton og Kore eller Theos og Thea.

Andre religionar endre

I romersk mytologi hadde guden Pluto rolla til Pluton eller Hades. I norrøn mytologi finn ein Hel, som både var namnet på dødsgudinna og verda ho herska over.

Kjelder endre

  • Cotterell, Arthur (1997), «Hades», A Dictionary of World Mythology, Oxford University Press 
  • Henrichs, Albert (1998), «Hades», i Simon Hornblower and Antony Spawforth, The Oxford Companion to Classical Civilization, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hades