Tasha Thomas
Tasha Thomas (1945–8. november 1984) var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar og skodespelar, kjend for rolla hennar som Aunt Em i den originale Broadway-produksjonen av The Wiz. Thomas fekk òg ein hitsingel med «Shoot Me (With Your Love)» frå albumet Midnight Rendezvous i 1979.
Tasha Thomas | |||
| |||
Fødd | 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | USA | ||
Død | 8. november 1984 (38 år) | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | R&B, soul, disco | ||
Plateselskap | Orbit, Atlantic, Buddha, Roulette | ||
Verka som | songar |
I 1972 song Thomas korvokal i lag med songaren Ellie Greenwich for debutalbumet til Jim Croce, You Don't Mess Around With Jim. Ho song òg på Slade-albumet Nobody's Fools frå 1976 og i 1977 på Kiss-albumet Love Gun, som ein av «KISSettes».
Thomas døydde av kreft i 1984, 39 år gammal.[1]
Diskografi
endreAlbum
endre- The Wiz (Atlantic Records, ASIN: B000V6AS46)
- Midnight Rendezvous (Atlantic Records, ATLANTIC SD 19223 1)
Singlar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tasha Thomas» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Dead Rock Stars Club – The 1980s». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 11. april 2020.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 557. ISBN 1-904994-10-5.
Bakgrunnsstoff
endre- Tasha Thomas-diskografi på Discogs