Opna hovudmenyen

Tatjana Aleksejevna Kolpakova (fødd 18. oktober 1959) er ein kirgisisk friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister i lengdehopp under Sommar-OL 1980 i Moskva.

I 1978, knapt 19 år gammal, sette Kolpakova personleg rekord med eit hopp på 6,30 m. Året etter kom ho med på det sovjetiske landslaget, men det var i OL-sesongen 1980 den store framgangen kom. Med 6,47 m som best kom ho på femteplass i innandørs-EM i Sindelfingen i mars månad. Seinare i sesongen kvalifiserte ho seg til Sommar-OL i Moskva ved å hoppe over 6,80 m. Under dei olympiske leikane i slutten av juli hadde Kolpakova ingen vanskar med å gå til finalen. I sjølve finalen 31. juli sette ho personbeste med 6,87 m i den fyrste omgangen. Før sjette og siste omgang låg ho på fjerdeplass. I sitt siste hopp smelte ho til med 7,06 m, eit hopp som var hårfint frå å verte dømt dødt. Hoppet var 2 cm lengre enn det Brigitte Wujak frå Aust-Tyskland presterte, også ho i sitt sistehopp.

Sommaren 1981 vann Kolpakova lengdetevlinga ved universiaden i Bucuresti. Ho vart der målt til 6,83 m, seks centimeter lengre enn Anișoara Cușmir på andreplass. Etter 1981-sesongen presterte Kolpakova ikkje på same nivå som før.

KjelderEndra