Opna hovudmenyen

Anișoara Stanciu, tidlegare Anișoara Cușmir, (fødd 28. juni 1962) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Brăila, som vart olympisk meister i lengdehopp i 1984. Ho vann elles sølv i EM 1982 og VM 1983, og var verdsrekordhaldar med 7,43 m frå 1983.

Anișoara Stanciu
Anisoara Cusmir.jpeg
Fødd 28. juni 1962
Brăila
Yrke friidrettsutøvar
Anișoara Stanciu på Commons

AktivEndra

Den 1. august 1982 forbetra dei to unge rumenske lengdehopparane Vali Ionescu og Anișoara Cușmir verdsrekorden i øvinga. Fyrst hoppa Cușmir 7,15 meter, seks centimeter over den gamle rekorden, og deretter la Ionescu på til 7,20 m. Dermed var begge utøvarane med i favorittsjiktet ved friidretts-EM 1982, som i fann stad i Aten i byrjinga av september. Dei innfridde og vart høvesvis nummer ein og to. Ionescu vart europameister med eit hopp på 6,79 m, Cușmir nådde 6,73 m, same lengda som bronsevinnaren, russiske Jelena Ivanova.

Sommarsesongen 1983 sette Cușmir ny verdsrekord med 7,21 m midt i mai månad i Bucuresti. Allereie 4. juni forbetra ho rekorden to gongar, fyrst til 7,27 m, før ho smelte til med smått utrulege 7,43 meter, også den tevlinga fann stad i Bucuresti. Rekordforbetringa er den største i lengdehopp for kvinner nokon gong.

Finalen i lengdehopp for kvinner under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart avvikla 14. august 1983 under skiftande vindtilhøve. Heile fire utøvarar strekte seg forbi sjumeters-streken. Austtyske Heike Daute vann med 7,27 m, medan Anisoara Cușmir tok sølvet med sine 7,15 m, begge resultata oppnådde med meir enn to meters medvind.

Hausten 1983 gifta Cușmir seg med sprintaren Paul Stanciu.

Dei fleste såkalla austblokklanda boikotta dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles, men ikkje Romania. Mange av dei beste lengdehopparane på kvinnesida vår såleis ikkje med, og dermed låg vegen mot OL-siger rimeleg open for verdsrekordhaldar Anișoara Stanciu. Med 6,96 m i sluttprotokollen sikra ho seg OL-gullet, medan landskvinna Vali Ionescu tok sølvet med 6,81 m som best.

Kort etter slutta Anișoara Stanciu med friidrett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra