Taytu Betul
Taytu Betul (1. januar 1851–11. februar 1918) var keisarinne av Etiopia (1889–1913), gift med Menelik II.[1]
Taytu Betul | |||
| |||
Fødd | 1851 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Semien Province | ||
Død | 11. februar 1918 | ||
Dødsstad | Addis Abeba | ||
Gift med | Menelik II av Etiopia | ||
Dynasti | Det salomonske dynasti |
Familien hennar var den regjerande familien i provinsen Semien. Ho hadde vore gift fire gongar tidlegare då ho gifta seg med kong Menelik av Shewa, den framtidige keisaren.
Taytu Betul er kjend for rolla si i samband med grunnlegginga av Addis Abeba. Plasseringa til byen blei vald av keisarinne Taytu Betul og grunnlagd av keisar Menelik II i 1887.[2][3]
UNESCO har inkludert Taytu Betul i si oversikt over viktige kvinner i afrikansk historie.[4]
Kjelder
endre- ↑ Mosley, Leonard (1965). Haile Selassie. Lutherstiftelsen.
- ↑ Juell, Harald (1935). Etiopia. Gyldendal. s. 238.
- ↑ Leraand, Dag (25. oktober 2021). «Etiopias historie». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 2. november 2021.
- ↑ «UNESCO Women in Africa History | Women». en.unesco.org. Henta 4. november 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Taytu Betul» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2024.