Recep Tayyip Erdoğan

(Omdirigert frå Tayyip Erdogan)

Recep Tayyip Erdoğan (fødd 26. februar 1954) er ein tyrkisk konservativ politikar. Han har sidan 28. august 2014 vore president i Tyrkia, før det var han statsminister i landet frå 2003 til 2014. Han er leiar for partiet AKP, Adalet ve Kalkınma Partisi («Partiet for rettferd og utvikling»), som er eit parti som omtalar seg sjølv som «islamsk-konservativt».

Recep Tayyip Erdoğan

Fødd26. februar 1954 (70 år)
Kasımpaşa, Beyoğlu
Statsborgar avTyrkia
PartiAdalet ve Kalkınma Partisi (14. august 2001)
Yrkestatsmann, politikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedMarmara University Faculty of Economics and Administrative Sciences
İmam Hatip school
Marmarauniversitetet
EktefelleEmine Erdoğan
BarnSümeyye Erdoğan, Necmettin Bilal Erdoğan, Ahmet Burak Erdoğan, Esra Erdoğan
VervPresident i Tyrkia 2014-
FøregangarAbdullah Gül
VervStatsminister i Tyrkia 2003-2014
FøregangarAbdullah Gül
EtterfylgjarAhmet Davutoğlu
Alle verv
  • Tyrkias president (2014–)
  • Tyrkias statsminister (2003–2007)
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling (2003–2014)
  • borgermester i Istanbul (1994–1998)
  • Tyrkias statsminister (2011–2014)
  • Tyrkias statsminister (2007–2011) Sjå dette på Wikidata
Signatur

Bakgrunn

endre

Erdoğan vart fødd i Istanbul. I 1985 var han leiar av Velferdspartiet i byen. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. Velferdspartiet vart forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova. Frå mars til juli 1999 sona Recep Erdoğan fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat».[1]

Erdoğan og hans fløy av Velferdspartiet stifta AKP i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 % av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister.[2] Grunnlova vart endra slik at Erdoğan fekk høve til å verta valt inn i parlamentet,[1] og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.

Erdoğan er gift, og har to søner og to døtrer.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Turkey's charismatic pro-Islamic leader» (på engelsk). 4. november 2002. 
  2. «CNN.com - Turkish PM quits for Erdogan - Mar. 11, 2003», edition.cnn.com, henta 3. november 2022 
  Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.