Opna hovudmenyen

Theodore Sharp Ligety, kjend som Ted Ligety (fødd 31. august 1984) er ein USA-amerikansk alpin skirennar fødd i Salt Lake City i Utah, oppvaksen på vintersportsstaden Park City i same delstaten. Han vann gullmedaljen i kombinasjonen under Vinter-OL 2006, samt gull i storslalåm under vinterleikane 2014. Ligety sikra seg sitt fyrste VM-gull i storslalåm i 2011 og heile tre gullmedaljar under VM i alpine greiner 2013 i Schladming. Storslalåmspesialisten Ligety har vunne 24 renn i verdscupen i alpine greiner i tida 2006-14, alle i storslalåm, på eitt nær. Han vann FIS-pokalen i storslalåm både i 2008, 2010, 2011, 2013 og 2014.

Ted Ligety
Ted Ligety 2010.jpg
Fødd 31. august 1984
Salt Lake City
Yrke alpinist
Ted Ligety på Commons

KjelderEndra