Teddy Dyring

norsk politikar

Teddy Dyring, døypt Theodor Dyring, (1. september 19168. mars 1975) var ein norsk funksjonær, tenestemann og stortingsrepresentant frå Larvik. Han møtte på Stortinget 1965-73, vald frå Vestfold for Senterpartiet.

Teddy Dyring
Fødd 1. september 1916
Død

8. mars 1975 (58 år)

Yrke politikar

Far til Dyring var bokhandlar. Etter eksamen på handelsgymnas i 1937 tok Dyring artilleriet sin befalsskule i 1938. Sidan gjekk han skogskulen og tok i 1946 eksamen ved skogbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule. I 1944-45 var han troppsjef i Milorg i Larvik og områdesjef 1948-55 i heimevernet i Larvig.

Dyring var tilsett i Telemark tømmersalgslag og Lågendalen skogeierforening 1947-54 og i framhaldet Lågendalen skogeierforening 1954-60. Redaktør av Landbrukets årbok - skogbruk 1961-69 og fylkesskogsjef i Vestfold 1970-75.

Hausten 1963 var Dyring statssekretær i Landbruksdepartementet i den kortliva Lyng-regjeringa. To år seinare vart han vald til stortingsrepresentant frå Vestfold for Senterpartiet. På Tinget var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen 1965-67 og Industrikomiteen 1967-69. Etter attval i 1969 var han formann i Industrikomiteen dei neste fire sesjonane til han gjekk ut av Stortinget i 1973.

KjelderEndra