Teikneserien Annika

Annika er ein teikneserie publisert i Norsk Barneblad sidan nr. 6/1991. Håkon Aasnes har skrive, teikna og handfargelagt frå starten. Serien har sine røter i Aasnes’ ”Vi på Eiketun” i Bondebladet, der ungdomsjenta Annika var kjærasten til hovudpersonen Ralle. Med Annika fekk ho sin eigen serie, som òg kom ut med eit album i svart-kvitt i 1997: Annika 1: Den nifse natta!.