Håkon Aasnes
norsk teikneserieskaparar
Håkon Aasnes (fødd 13. februar 1943 i Oslo) er ein av dei mest produktive teikneserieskaparane i Noreg. Han har sidan 1972 arbeidd med tekst og teikningar til rundt tjue teikneseriar, mellom anna norske seriar som Seidel og Tobram, Stomperud, Smørbukk, Tuss og Troll, Kråka Konrad, Olsenbanden, Gråtass og Annika. Han har òg teikna internasjonale figurar som Fantomet og Donald Duck.
Håkon Aasnes bur og arbeider på Aurskog i Akershus fylke.
Han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet sin pris i 1981.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Håkon Aasnes» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2008.