Tekst-TV eller tekst-tv er eit system for kringkasting av tekst og enkle grafiske figurar saman med fjernsynskanalar. Systemet er hovudsakleg brukt til overføring av korte meldingar, samandrag av nyhende, programoversyn og liknande. Tekst-TV vart lansert i Noreg i 1983.[1] I dag er det berre NRK som framleis har tekst-TV, etter at TV2 la ned løysninga si i 2017.[2] Same året var det kring 400 000 nordmenn som framleis brukte tekst-TV, trass den aukande populariteten til internett som informasjonskanal.[3] Tekst-TV sidene til NRK er også tilgjengelege på internett.

Tekst-TV frå det tyske fjernsynsselskapet ZDF i 2005. Biletet viser skjermbilete frå den første standarden Teletext Level 1.0 samanlikna med Teletext Level 2.5.

Fjernsynsmottakarar som skal ta imot tekst-TV, må vere utstyrt med ein dekodarkrins og fjernkontroll. Sjåaren kan kalle opp tekstinformasjon på skjermen ved å trykke på knappane på fjernkontrollen. Tekst-TV er også brukt for teksting av fjernsynsprogram for personar med svekt høyrsel.

Kjelder endre

  1. «Ho brukar heller Tekst-TV enn smarttelefonen». NRK. 2. februar 2018. Henta 1. mars 2019. 
  2. «TV 2 avvikler tekst-tv». TV2. 31. januar 2017. Henta 1. mars 2019. 
  3. «400.000 bruker tekst-TV hver dag». NRK. 2. februar 2017. Henta 1. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff endre