Høyrslehemming er det å ha nedsett høyrsle i høve til dei som høyrer normalt. Nedsettinga av høyrsla kan gå frå ganske lette, kanskje forbigåande nedsettingar til det å vera heilt døv. Høyrslehemming finst særs hyppig og i alle aldrar, men aukar med åra. Ein skil mellom to hovudtypar hemming, mekanisk eller leiingstype der årsaka sit i den mekaniske delen av øyret (øyregangen eller mellomøyret), og persepsjonstype eller nevrogen type der årsaka sit i nervedelen av høyreorganet (det indre øyret, høyrenerva eller høyrebanane i hjernen).

Høyrslehemming

Øyre med høyreapparat
SynonymHøyrselshemjing, høyrselshemming
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:389
ICD-10-kode:H90-H91
DiseasesDB19942
MeSHD034381

Årsaker

endre

Høyrslehemming kan vera medfødd på grunn av arv, skadar i fosterlivet (til dømes frå raude hundar) eller skadar ved fødselen, eller ein kan ha fått hemminga gjennom sjukdom i øyregang, mellomøyre eller det indre øyret, høyrslenerva med høyrebanane i hjernen. Ho kan òg skuldast aukande alder eller skader, til dømes støypåverknad eller hovudskader. Støyskade av høyrsla kan førekoma i industri og landbruk, ved skyting (militære, jakt), ved å høyra for høg musikk og liknande.

Handsaming

endre
 
Videokonferanse der ein bruker teiknspråk.

Høyrslehemming av meir uttalt grad er eit stort sosialt handikap og ofte ei psykisk påkjenning. Handsaming av lettare høyrslehemming hos born, særleg i skulealderen, og førebyggjande arbeid er viktige tiltak.

Tiltak mot høyrslesvekkingar kan gå ut på å forsterka lyden som kjem inn på øyret ved bruk av høyreapparat, eller stimulera høyrenerva gjennom cochleaimplantat. Nokre høyrslesvekkingar kan betrast ved operative inngrep (otosklerose, kroniske betennelsar). Frå 2000-talet er det også gjort dyreforsøk med genterapi der ein kanskje kan utvikla høyrsle gjennom utvikling av nye hårceller.

I tillegg til medisinske tiltak finst det fleire måtar høyrslehemma kan kommunisera med høyrande og med kvarandre på. Høyrslehemma kan bruka ulike teknikkar for å fungera i det høyrande samfunnet, som teiknspråk, skrift, munnavlesing og auditorisk-verbal opplæring. Høyrslehemma kan bruka alminneleg teknologi som teksting, internett og SMS, særskilde innretningar som teksttelefon og teleslynge eller tilpassingar som dørklokke med lys, vibrerande vekkarklokke og liknande. Dei kan også dra nytte av skrift- eller teiknspråktolkar og av spesialtrena nøyrehundar.

Noreg

endre

Totalt reknar ein med at det er mellom 250 000 og 300 000 høyrslehemma i Noreg, av desse er rundt 3 500–4 000 døve. Sidan mange høyrslehemmingar kjem seinare i livet er delen høyrslehemma barn lågare enn i den totale folkemengda, ein reknar delen ligg på 3–5 %.

Det finst fleire norske interesseorganisasjonar for høyrslehemma, mellom anna Hørselshemmedes Landsforbund og Norges Døveforbund. Norges hørselsvern er ei samanslutning av samskipnader frå heile landet, som har til føremål å ivareta interessene til høyrslehemma og best mogleg hjelpe dei til å bli uavhengige av si nedsette høyrsle.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Høyrslehemming