London har eit av dei eldste og mest kjende kollektivtransportsystema i verda. Det er no styrt av Transport for London (TfL), som er ansvarleg for all offentleg transport innanfor Stor-London.

I London har ein mange ulike transportformer, buss, jarnbane, undergrunnsbane og fly i tillegg til vanleg biltransport med utgangspunkt i M25, ein ringveg som går rundt heile London.