Templebreen
Templebreen er ein isbre som flyt inn i sørsida av Lanchester Bay på vestkysten av Graham Land. Han vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1955-57 og kartlagt frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1960 etter Felix Du Temple (1823–1890), ein fransk marineoffiser som i 1857 utforma det første motordrivne modellflyet som letta utan hjelp, flydde fritt og landa trygt.
Templebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°0′S 60°1′W / 64.000°S 60.017°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Templebreen 64°00′00″S 60°01′00″W / 64°S 60.0167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Temple Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).