Tertiærnæringar

(Omdirigert frå Tenesteytande næringar)

Tertiærnæringar, tenesteytande næringar eller servicenæringar er næringar som hovudsakleg driv tenesteytande verksemd og ikkje produserer varer.

Transport og handel er typiske tertiærnæringar. Dette er ein marknad i Marangu i Tanzania.

Ofte formidlar slike næringar produkt frå primær- og sekundærnæringar. Til dømes utfører transportindustrien ei næring der tenesta (eller produktet) deira kan vera å frakta varer eller råvarer frå ein stad til ein annan.

Til tertiærnæringene reknar me handel, hotell, uteliv, transport, lagring, kommunikasjon, bank, finans og offentleg og privat tenesteyting.

Sjå og endre

Kjelder endre