Ma′unga Terevaka er den største, høgaste (507 moh) og yngste av dei tre utdøydde vulkanane som utgjer Rapa NuiPåskeøya, ei chilensk øy i Stillehavet. Fleire mindre vulkankjegler og krater ligg i fjellsida på fjellet, mellom anna eit krater som inneheld ein av dei tre innsjøane på øya, Rano Aroi.

Ma′unga Terevaka
vulkan
Maʻunga Terevaka.jpg
Land Flag of Chile.svg Chile
Stad Påskeøya
 - høgd 507,41 moh.
 - koordinatar 27°5′4″S 109°22′46″W
Vulkantype Skjoldvulkan
Siste utbrot Pleistocen
Wikimedia Commons: Terevaka
Kart over Rapa Nui som syner Terevaka, Poike og Rano Kau.

Terevaka utgjer størstedelen av Påskeøya, men øya har to eldre vulkanske fjell: Poike på austsida og Rano Kau på sørsida. Terevaka hadde det siste utbrotet sitt i pleistocen og er yngre enn 400 000 år gammal. Lavaslettene ved Roiho er daterte til å vere mellom 110 000 og 150 000 år gamle. Terevaka er heller vanskeleg å klatre, og er berre tilgjengeleg til fots eller på hest. Det er vindfullt på toppen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra