Terje Kojedal

norsk fotballspelar

Terje Kojedal (fødd 16. august 1957) er ein tidlegare fotball- og ishockeyspelar frå Hamar. Mellom 1981 og 1989 spelte han 66 landskampar på det norske fotballandslaget, alltid som midtstoppar.

Terje Kojedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. august 1957 (66 år)
Røros
Idrett fotball, ishockey
Tok del i

Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Kniksens hederspris

Kojedal voks opp på Storhamar, der han fram til 1980 deltok i ishockey med Storhamar Idrettslag og i fotball med Hamarkameratene. Han fekk med seg litt over 100 ishockeykampar som både back og løpar i Storhamar i perioden 1973–80, før han valde å satse einast på fotball. Fram til 1985 spelte han på Hamarkamaratene, vart då overført til franske FC Mulhouse. Etter tre sesongar i Mulhouse var han Valenciennes-spelar i ein sesong. Deretter gjekk turen sommaren 1989 tilbake til Hamarkamaratene, la opp for godt i 1992.

Storvaksne Kojedal debuterte for det norske fotballandslaget i 1981 og fekk snøgt fast plass i fyrsteellevaren. I 1984 var han med på det norske landslaget som deltok i Sommar-OL i Los Angeles. Kojedal skåra eitt einaste landslagsmål, det kom då Noreg vann 4–1 over Austerrike i 1989.

Kjelder endre