Terje Winterstø Røthing
Terje Winterstø Røthing (fødd 5. august 1977) er gitarist i det norske bandet Kaizers Orchestra. Han blei med i gruppa i 2000, men hadde òg vore med på prosjekta bandmedlemene hadde før dette. Terje var ein gamal musikarkamerat av Janove Ottesen og Geir Zahl, og hadde vore med på alle innspelingane Blod, Snått & Juling og gnom hadde gjort. Terje hadde, som Geir, bakgrunn frå Klepp Rockeklubb og spelte funk/rockegitar i Zombie Porkchop og seinare indie-gitar i Watershed. Han er dessutan vokalist og gitarist i punkbandet Skambankt.
Terje Winterstø Røthing | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. august 1977 (47 år) |
Yrke | songar, musikar, gitarist |
Terje Winterstø Røthing på Commons |
Winterstø Røthing er kjent som «blondina» i Kaizers Orchestra, og er også den yngste i gruppa. I følgje bandintroduksjonen til Janove Ottesen på konsertar spelte Terje tidlegare i Johnny and The Sexual Problems som han turnerte med på Balkan på 90-talet.