Terminaltraktor
Terminaltraktor er eit spesialkjøretøy som vert nytta for å flytta fly på flyplassar. Opphavleg nytta ein industriversjonar av landbrukstraktorar for å flytta fly, noko som framleis vert gjort visse stader, men i dag er det vanlegare å nytta spesialbygde maskinar. Desse utvikla seg gradvis frå dei fyrste industritraktorane og sjølv om moderne terminaltraktorar har like mykje til felles med trekkvogner som traktorar heng namnet «terminaltraktor» att.