Terningmoen leir er ein militærleir med tilhøyrande skyte- og øvingsområde på Vestad i Elverum. Terningmoen er ein del av Østerdal Garnison, saman med Rena leir.

Terningmoen

Kart
Terningmoen
60°52′00″N 11°31′00″E / 60.8667°N 11.5167°E / 60.8667; 11.5167
Terningmoen mellom 1915 og 1920.

Historie endre

1600- til 1900-talet endre

Østoppland infanteriregiment vart oppretta i dette distriktet frå år 1657. Frå 1650-talet vart det bygd befestningar i Elverumsområdet på begge sider av elveløpet: Christiansfjeld festning og etterkvart Terningen skanse og Grindalskansen ved vestesida.[1]

Terningmoen som forsvarsanlegg vart først oppretta som ekserserplass for Østerdalens bataljon i Akershusiske infanteribrigade ca. år 1879. Etter denne tida starta gradvis utbygging og arealutviding.

1900- og 2000-talet endre

I 1932 vart Skyteskolen og Vinterskulen for infanteriet slått saman til Skyte- og vinterskulen for infanteriet (SVI) på Terningmoen, noko som igjen medførte byggeverksemd. Leiren vart betrakteleg utvida under andre verdskrigen og i etterkrigstida.

På starten av 1980-talet flytta Østoppland forsvarsdistrikt og Østoppland infanteriregiment nr. 5 sin stab til Terningmoen frå Regimentsgarden i Elverum. Terningmoen vart standkvarter for Østoppland heimevernsdistrikt nr. 05.

Terningmoen var òg tidlegare standkvarter blant anna for Oppland Regiment, Infanteriinspektoratet, infanterilinja ved befalsskolen for Kampvåpenet til Hæren (BSKAMP), Utdanninga til Kampvåpenet og Kompetansesenter (KampUKS) og delar av FIST-H.

Ved utbygginga av Terningen Arena i 2009-2010 vart eit mindre areal av leiren selt til fordel for fleirbruksanlegget.

Brann endre

Natt til 9. februar 2010 vart tre lagerbygningar overtent og totalskadd. To av bygningane var depot, som lagra full bekledning og militært utstyr til ca. 1000 soldatar. Det tredje bygget var våpenlager og -verkstad, og dessutan kontor for FLO. Bygg og det meste av materiell var å rekna som totalskadd. Ingen av bygningane, som vart bygd i høvesvis 1888, 1933 og 1943, hadde vernestatus.[2]

I dag endre

Leiren er i dag prega av tre utbyggingsperiodar: Etableringsperioden seint på 1800-talet, bygg frå andre verdskrigen og bygg frå etterkrigstida til i dag.

Terningen Arena endre

Terningen Arena er eit flerbruksanlegg liggar ved Terningmoen. Målet med prosjektet Terningen Arena er å skapa eit fleirbruksanlegg for idrett, kultur og næring, til bruk for alle. Det er òg ei målsetjing at Elverum skal forsterkast som utdannings- og kompetansesenter, og at Høgskulen i Hedmark skal styrkjast og vert vidareutvikla i folkehelsebyen Elverum, med sina helse- og idrettsutdanningar. Høgskulen i Innlandet, Forsvaret, NAV og fylkeskommunen er nokre av leietakarane på anlegget. Forsvaret har velferdskontor og treningsfasilitetar for tenestegjerande i Terningen Arena.

Trinn 1 vart ferdigstilt i desember 2010, og anlegget er sidan vorte utvida med blant anna fleire utandørs idrettfasilitetar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Terningmoen