Terrasse
Terrasse (frå gammal-provençalsk terrassa av latin terra, 'jord') er eit flatt område utandørs. Terrassar er gjerne bygd opp eller fylt ut og markert avgrensa av kant, brystning eller rekkverk.
Terrassar blir gjerne laga direkte tilknytt hus eller bygningar som utandørs opphaldsstad. Ein kan også anlegga terrassar i hagar og parkar, eller takterrassar på flate tak.
Under barokken var terrassar lagt i fleire plan og forbundne med trapper eit særleg ynda arkitektonisk motiv.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Terrasse: arkitektur» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. januar 2014.
- «terrasse» i Nynorskordboka.
- Språkrådet: Spørsmål og svar: altan, balkong, terrasse og veranda (lenkja 24/1/2014). Viser til K.M. Viestad: Byggeteknisk fagleksikon, Universitetsforlaget 1980.