Test i norsk - høgare nivå
Test i norsk – høgare nivå, som òg er kalla Bergenstesten, er ein prøve på dugleiken i norsk språk for ein som har norsk som sitt andre språk. Testen måler språkferdigheiter som svarer til nivåa B2 og C1 i Det felles europeiske rammeverket for språk[1]. Det finst både ein skriftleg og ein munnleg test. Dette er separate testar som kan takast uavhengig av kvarandre. Ein kan ta testen både på bokmål og nynorsk.
Testen blir utvikla ved Norsk språktest, som er eit samarbeid mellom Studieforbundet Folkeuniversitetet og Universitetet i Bergen.
Hovudmålgruppa for Test i norsk – høgare nivå er innvandrarar som treng å dokumentera språkferdigheiter i norsk på høgare nivå for å kunne søka arbeid eller opptak til studium i Noreg. Test i norsk – høgare nivå er ein av fleire norskprøver som gjev opptaksgrunnlag til norske universitet og høgskular[2].
Fotnotar
endre- ↑ Test i norsk - høgare nivå, på Folkeuniversitetet sine nettsider, arkivert frå originalen 15. august 2016, henta 15. juli 2016
- ↑ Samordna opptak - krav til norsk