Tetrodotoksin

kjemisk sambinding

Tetrodotoksin er ei sterk nervegift som finst i kulefiskar. Gifta verkar ved å hemja natriumrøyret i membranen til nerveseller.

Modell av tetrodotoksin

I kulefiskar vert tetrodotoksin laga av bakteriar som fisken får i seg gjennom maten. Kulefisk vert ete som fugu i Japan, og no og då vert menneske drepne av tetrodoksinforgifting etter eit slikt måltid.

Kjelder

endre

«kulefisker» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 24. februar 2016.

  • John L. Tymoczko, Jeremy M. Berg og Lubert Stryer (2015). Biochemistry: A Short Course (3 utg.). W. H. Freeman & Company. s. 216. 
      Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.