Mandal er ein by og administrasjonssenteret i Lindesnes kommune i Agder fylke. Byen ligg på begge sidene av munningen av Mandalselva og har 11 330 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Mandal
stad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Lindesnes
Areal 7,03 km²
Folketal 11 330  (2023)
Folketettleik 1 612 / km²
Innbyggjarnamn mandalitt
Preposisjon i Mandal
Kart
Mandal
58°01′38″N 7°26′56″E / 58.02722°N 7.44889°E / 58.02722; 7.44889
Wikimedia Commons: Mandal (town)

Mandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Den eldste delen av byen ligg i vest og nord. Då industrien utvida seg i 1950- og 1960-åra vart det kraftig utbygging i dei vestlege områda Vestnes, Grøngjelet, Ulvegjelet og Oksevollen. I 1970-åra vart også store område på Skjebstad og Skinsnes–Ime aust for Mandalselva bygd ut. Vidare vart Frøysland og Østre Skogsfjord bygd ut i 1980-åra.[1]

I sentrum står Mandal kyrkje, den største trekyrkja i Noreg. I 2012 vart Buen kulturhus opna, ein kulturbygning med mellom anna bibliotek, kinosalar, kunstgalleri og kulturskole. I 2014 opna Amfi kjøpesenter med eiga bryggje i Mandal.[2]

Bilde frå Mandal endre

Kjelder endre

  1. «Mandal». Store norske leksikon. 6. juni 2017. Henta 20. januar 2018. 
  2. «Mandal får kjøpesenter med egen brygge». NRK. 17. november 2014. Henta 20. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre