Mandal kyrkje er ei trekyrkje i Lindesnes kommune i Agder fylke. Dette er den største trekyrkja i Noreg. Ho har om lag 1 000 sitjeplassar og er eit av dei største trebygga i Noreg. Kyrkja vart bygd etter bybrannen i 1810, og vart teken i bruk i 1819[2] og offisielt innvigd i 1821.[3] Før brannen stod ei steinkyrkje frå mellomalderen på det gamle torget nede i byen. Dette var tidlegare sentrum i byen.

Mandal kyrkje
kyrkje
Foto: Philip Gabrielsen
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Lindesnes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister og Mandal
Sokn Mandal
Fellesråd Lindesnes
Periode Empire
Arkitekt Jørgen Gerhard Løser
Material Tre
Innvigd 1821
Takryttar Med klokke
Portal Omramning rundt sakristidøra, ein klassisk søylehall boren av søyler ved hovuddøra
Kor I same rom som skipet
Skip Klassisistisk salkyrkje med to rekkjer av kolossalsøyler som ber eit tønnekvelv. Galleri som fyller sideskipa
Kyrkjegard Ja
Preikestol Ren sylindrisk form
Døypefont Marmor, 1821
Altartavle Ein kross
Sitjeplassar 1000[1]
Kart
Mandal kyrkje
58°01′52″N 7°27′35″E / 58.031111111111°N 7.4597222222222°E / 58.031111111111; 7.4597222222222
Wikimedia Commons: Mandal kirke

Byggjestil endre

 
Kortveggen med det klassisistiske inngangspartiet
Foto: Philip Gabrielsen

Mandal kyrkje er bygd i empire, som legg vekt på det reine og enkle, med førebilete i gammal gresk og romersk arkitektur. Ho er den største trekyrkja i Noreg og det første store monumentalbygget som vart reist etter unionsoppløysinga med Danmark. Sjølv om veggane er av bindingsverk og tegl, er kyrkja kledd med panel og vert derfor rekna som trekyrkje. Dimensjonane på treverket er usedvanlig store, og arbeidet er spesielt godt utført. På grunn av byggjestilen er det lite utsmykking i kyrkjesalen.

Orgel endre

Orgelet er i dag ein sjeldan representant for sin tidsepoke. Faktisk vert ikkje pneumatiske orgel som dette laga lenger, sidan dei treng svært mykje vedlikehald. Dette vart installert i 1923. Det er bygd av Oscar Walcker i firmaet W. Sauer i Frankfurt an der Oder. At det er pneumatisk, tyder at orgelet vert drive med tilstrøyming av luft (til forskjell frå mekanisk og elektronisk drivverk). Orgelet har 1 500 piper fordelt på 32 stemmer.

Forfall og behov for restaurering endre

I 2014 fann ein ut at kyrkja hadde omfattande angrep av hussopp og råte i berande konstruksjonar.[4] Reparasjonskostnadane vart stipulert til 300-400.000 kroner, men korkje Riksantivaren eller Fylkeskonservatoren hadde middel til reparasjon/vedlikehald av offentlege bygg.[5] Heller ikkje kommunen hadde økonomi til å gjere noko med forfallet.[6]

Den omfattande restaureringa av den gamle trekyrkja byrja sommaren 2015.[7]

Fotnotar endre

  1. Kyrkjesøk. Eldre kjelder opererer med høgare tal.
  2. Eldal (2002), s. 72.
  3. Kyrkjesøk.
  4. Mandal kirke angrepet av råte Arkivert 2014-02-27 ved Wayback Machine., besøkt 12. september 2016
  5. Foreslår spleiselag for å redde Mandal kirke, besøkt 12. september 2016
  6. - Kirkens forfall er uakseptabelt Arkivert 2014-02-27 ved Wayback Machine., besøkt 12. september 2016
  7. Vielser uten orgelbrus – Lindesnes, 8. juni 2015, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 12. september 2016 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre