Thévenin-ekvivalent

Thévenin-ekvivalent er ein ein-port-krins som representerer ein meir kompleks krins. Ekvivalentkrinsen er tufta på Thévenins teorem, som seier at ein vilkårleg lineær krins med ei eller fleire spenningskjelder, straumkilder og motstandar er ekvivalent til ei ideell spenningskjelde i serie med ein motstand[1]. Med open utgang er utgangsspenninga .

Thévenin-ekivalent krins.
Thévenin-ekivalent krins, med last.

At ein vilkårleg krins kan omformast til ein ekvivalent krins med berre to komponentar forenklar i mange samanhengar analysen mykje. Thévenin-motstanden og lastmotstanden dannar ein spenningsdelar, så når Thévenin-spenninga , Thévenin-motstanden og lastmotstanden er kjede kan ein finna spenninga over lasten som

.

For å få størst muleg spenning over lasten må Thévenin-mostatanden vera liten i høve til lastmotstanden: .

Døme endre

Ein audioeffektforsterkar med ein Thévenin-motstand, òg kalla «utgangsmotstand» eller «indre motstand», på 100 m , er kopla til ein høgtalar med nominell impedans på 5  . Om effektforsterkaren genererer ei Thévenin-spenning på 10 V, vil spenninga over høgtalaren vera på 9,8 V. Om lastmotstanden hadde vore på 1   ville spenninga over lasten vorte redusert til 9,1 V. Vi finn Thévenin-ekvivalenten til forsterkaren ein gong for all, men kan endra lastmotstanden for å studera den resulterande spenninga over han.

Referansar endre

  1. S. Franco, Electric circuits fundamentals, Saunders College Publishing, 1995.

Sjå òg endre