Thale Rushfeldt Deila (fødd 15. januar 2000 i Porsgrunn) er ein norsk handballspelar, oppvaksen i Lier, som spelar for den norske eliteserieklubben Molde og det norske A-landslaget.

Thale Deila
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. januar 2000 (24 år)
Porsgrunn
Idrett handball, fotball

Ho er dottera til fotballtrenaren Ronny Deila og tvillingsystera til handballspelaren Live Rushfeldt Deila. Den tidlegare fotballspelaren Sigurd Rushfeldt er onkelen hennar.[1]

Karriere endre

Klubb endre

Deila var i dei tidlege tenåra [fotball]]-spelar på Sparta/Bragerøen og Stoppen Sportsklubb, og handball-spelar på Reistad Idrettslag. 8. februar 2017 fekk ho sin eliteseriedebut for Glassverket i Eliteserien i handball.[2] I 2018 signerte Deila med Fredrikstad, der ho spelte tre sesongar før ho melde overgang til Molde i 2021.[3]

Landslag endre

Deila debuterte for Noreg 21. april 2022. Ho fekk plass i Noregs tropp til Handball-EM 2022 for kvinner. I I fleire av EM-kampane imponerte ho med godt forsvarsspel og deltok i EM-finalen. Ved utgangen av 2022står ho med 16 landskampar og 15 mål.

Merittar landslag endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre