The Blossoms er ei USA-amerikansk jentegruppe som opphavleg kom frå California. Då dei var på sitt mest populære i 1960-åra bestod gruppa av Darlene Love, Fanita James og Jean King.

The Blossoms

The Blossoms i 1966 (med klokka frå toppen: Fanita James, Jean King og Darlene Love)
AliasThe Dreamers
The Playgirls
The Rollettes
The Rebelettes
OpphavLos Angeles i USA
Aktiv1954–1990; 2000 til i dag
SjangerR&B, Pop, rock and roll, soul
PlateselskapCapitol, Philles, Challenge, Bell, RCA, Reprise, Ode, MGM, Lion

Sjølv om gruppa hadde ein platekarriere på eiga hand, var dei mest som gruppa som faktisk spelte inn den store hitten «He's a Rebel» (som produsenten Phil Spector tilskreiv The Crystals), og for å ha sunge korvokal på mange av dei største hittane frå 1960-åra.

Det er sagt at The Blossoms var for den amerikanske vestkysten det The Sweet Inspirations var for austkysten og The Andantes var for Motown.

Historie endre

The Blossoms vart skipa ved Fremont High School i Los Angeles i 1954 som The Dreamers og bestod av Fanita James (fødd Barrett), Gloria Jones og tvillingsystrene Nanette og Annette Williams. Dei spelte inn for Flair Records i 1954. I 1957 var Nanette Williams blitt erstatta av Darlene Wright, som seinare tok namnet Darlene Love. Dei spelte mykje i studio for anre artistar, og Love og James var medlemmar av studiogruppa til Phil Spector, Bob B. Soxx and The Blue Jeans. Love spelte òg med Spector under sitt eige namn og som ein del av The Crystals. The Blossoms hadde ein pop-hit i 1961 med «Son-In-Law», eit svar til Ernie K-Doe sin hit, «Mother-In-Law». Seinare spelte The Blossoms, som no bestod av Love, James og Jean King, ofte som korsongarar på musikkshowet Shindig, som gjekk på TV i 1965. I 1967 fekk dein ein R&B-hit med «Good, Good Lovin'». Det var fleire personellendringar og ei rekkje singlar for forskjellige selskap. I 1972 gav The Blossoms ut albumet Shockwave.

Kjende medlemmar endre

  • Fanita James (1954-1990; 2000 til i dag)
  • Gloria Jones (1954-1962; 2000 til i dag)
  • Annette Williams (1954-1960)
  • Nanette Williams (1954-1958)
  • Jewel Cobbs (1954)
  • Pat Howard (1954)
  • Darlene Love (1958-1974)
  • Gracia Nitzsche (1962-1964)
  • Edna Wright (1962-1964)
  • Carolyn Willis (1962-1964)
  • Jean King (1964-1983)

Filmar endre

År Film Rolle
2013 20 Feet from Stardom Korsongarar

Kjelder endre