He's a Rebel
Singel av The Crystals
frå albumet He's a Rebel
Språk engelsk
Utgjeve August 1962
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:31
Selskap Philles
106
Komponist Gene Pitney
Tekstforfattar Gene Pitney
Låtskrivar(ar) Gene Pitney
Produsent Phil Spector
The Crystals-kronologi 
«He Hit Me (And It Felt Like a Kiss)»
(1962)
He's a Rebel «He's Sure the Boy I Love»
(1962)


«He's a Rebel» er ein song skriven av Gene Pitney og opphavleg spelt inn av jentegruppa The Blossoms. Songen var produsert av Phil Spector som gav ut versjonen deira på ein singel tilskriven The Crystals, og singelen toppa Billboard Hot 100-lista i november 1962. Det var den første førsteplassen til Spector sidan «To Know Him Is to Love Him» (1958).

I 2004 vart «He's a Rebel» rangert på 263. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1] Billboard kåra songen til den 31. beste på lista si over dei 100 beste jentegruppesongane gjennom tidene.[2]

Historie endre

Songen handlar om ei jente som forelskar seg i ein ung mann som er på kanten av samfunnet. Trass i at han vert mistyda av andre, hevdar songaren at han er snill og trufast og sverjar å vere det same mot han. Steve Douglas spelar ein saksofonsolo i mellomspelet av songen. Pianoriffet i starten av songen vart spelt av Al DeLory. I motsetnad til det som var vanleg for Spector-produksjon var det ikkje strykarar på innspelinga.

Pitney skreiv «He's a Rebel» for The Shirelles, men dei takka nei. Spector fekk vite at Vikki Carr skulle til å spele inn songen for Liberty Records som debutsingelen hennar, og ønskte å få ut sin eigen versjon først. The Crystals var på turné på austkysten av USA på denne tida, så Spector fekk The Blossoms, ei gruppe frå Los Angeles, til å spele inn songen. Han sette likevel The Crystals som artistnamn på innspelinga. Mary Thomas hugsa at «me vart lang i andletet» då ein radiovert omtalte songen som «ein ny Crystals-song». Kvintetten måtte så byrje å spele «He's a Rebel» på konsertane sine, sjølv om førstevokalisten Barbara Alston ikkje kunne etterlikne songaren i Blossoms, Darlene Love. På grunn av dette vart den 15 år gamle Dolores «LaLa» Brooks førstevokalisten deira året etter med oppfølgjaren «Then He Kissed Me».

«He's a Rebel» kom ut seint i august 1962 med B-sida «I Love You Eddie». Innan 3. november hadde «He's a Rebel» nådd toppen av Billboard Hot 100. Songen bak var Pitney sin «Only Love Can Break a Heart», og som låtskrivar eller artist hadde han då dei to bestseljande singlane i USA samstundes. I Storbritannia nådde «He's a Rebel» 19. plassen.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Vicki Carr spelte inn songen i 1962 med eit band som inkluderte Wrecking Crew-trommisen Earl Palmer.[5] Versjonen nådde 115. plassen i USA, men i Australia klatra songen heilt til 5. plassen i 1962.

Debbie Byrne spelte inn songen på albumet hennar, She's a Rebel (1974).

Barbi Benton spelte inn ein versjon i 1976 på albumet hennar Something New.

I 1977 spelte The Boones spelte inn ein versjon som B-sida til Debby Boone sin «You Light Up My Life»

I 1977 spelte det Los Angeles-baserte punkbandet The Zippers ein versjon av songen.

Maureen McGovern spelte inn ein versjon i 1979 på albumet hennar Maureen McGovern.

Alisha's Attic spelte inn ein versjon for filmen Bean i 1997. The Morning Benders spelte inn songen for EP-en Bedroom Covers EP (2008).

I 2011 vart songen sampla av electro-rapduoen Chiddy Bang for «Rebel».[6]

Rapperen G-Eazy sampla songen i songen «Rebel»

Det amerikanske poppunkbandet Chumped framførte ein versjon av songen i august 2015 for The A.V. Club sin A.V. Undercover-serie.[7]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «He's a Rebel» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2018.
  • Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits. Billboard Books.
  • Ribowsky, Mark (2000). He's A Rebel: Phil Spector, Rock and Roll's Legendary Producer. Cooper Square Press.
  • Unterburg, Richie. AllMusic review. Retrieved April 3, 2007.
  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 21. februar 2018. [daud lenkje]
  2. «100 Greatest Girl Group Songs of All Time: Critics' Picks». Billboard. Henta 21. februar 2018. 
  3. Hartman, Kent (2012). The Wrecking Crew. St. Martin’s Griffin. s. 261–263. ISBN 978-1-250-03046-7. 
  4. ‘’Phil Spector: Back to MONO (1958–1969)’’ ABKCO Records, 1991, liner notes
  5. Scherman, Tony, Backbeat: The Earl Palmer Story, forward by Wynton Marsalis, Smithsonian Institution Press, Washington D.C., 1999 p. 176
  6. Luis Tovar. «MP3: Chiddy Bang – «Rebel» at Pretty Much Amazing | PMA». Prettymuchamazing.com. Henta 21. februar 2018. 
  7. Anthony, David (11 August 2015). «Chumped covers The Crystals». The A.V. Club. Onion, Inc. Arkivert frå originalen 24. februar 2018. Henta 21. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre