The Boston News-Letter

The Boston News-Letter var ei avis som kom ut for første gong 24. april 1704, og er rekna som første jamleg utgjevne avisa i Britisk Nord-Amerika. Ho var støtta av dei britske styresmaktene, og alle utgåver blei godkjende av guvernøren.[1]

Boston News-Letter

Førsteutgåva av The Boston News-Letter
TypeVekeavis
FormatFullformat
Grunnlagd24. april 1704; 320 år sidan (1704-04-24)
Nedlagd29. februar 1776 (71 år)
EigararJohn Draper, Richard Draper
Redaktør(ar)John Campbell (1704–1722)
Bartholomew Green, Jr. (1722–1732)
Margaret Green Draper (1774–1776)
SpråkEngelsk
HovudkvarterBoston i Massachusetts

Den aller første nyheitspublikasjonen i koloniane var Publick Occurrences Both Forreign and Domestick, som kom ut med si første og einaste utgåve 25. september 1690. I 1718 kom Weekly Jamaica Courant[2] ut i Kingston på Jamaica. Frå 1726 blei Boston Gazette gjeven ut av Bartholomew Green, Jr..

Kjelder

endre
  1. Carrol, Glenn R; Hannan, Michael T. (August 1989). «Density Dependence in the Evolution of Populations of Newspaper Organizations». American Sociological Review 54 (4): 528. JSTOR 2095875. doi:10.2307/2095875. 
  2. Woodard, Colin (8. desember 2007). «Have you seen me? The hunt for the Weekly Jamaica Courant». Republic of Pirates Blog. Arkivert frå originalen 8. september 2008. Henta 27. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre