The Brazilian
Song av Genesis
frå albumet Invisible Touch
Utgjeve 1986
Innspelt The Farm, Surrey
Sjanger
Lengd 4:49
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar)
Produsent

«The Brazilian» er ein instrumental av det engelske rockebandet Genesis frå 1986 på albumet deira Invisible Touch. Songen har ein eksperimentell stil med mykje effektar.[1]

Bandet skreiv to instrumentale stykke for albumet og den andre var «Do The Neurotic». «Do The Neurotic» vart B-sida til «Throwing It All Away» i USA og «In Too Deep» i Storbritannia og vart gjeven ut på Genesis Archive #2.

Songen vart nytta i animasjonsfilmen When the Wind Blows, der Roger Waters hadde skrive musikk til sjølve filmen. Han vart òg nytta i ein episode av Magnum, P.I.. Songen vart mykje nytta av BBC i fjernsynsdekninga deira av VM i friidrett 1987.

KjelderEndra

  1. Chris Welch (1995). The complete guide to the music of Genesis. Omnibus Press. s. 92. ISBN 978-0-7119-5428-1.