Opna hovudmenyen

The Chantays

USA-amerikansk band

The Chantays er eit surferockband frå Orange County i California i USA og er mest kjend for instrumentalhitten «Pipeline» (1963). Musikken deira kombinerer elektroniske klaverinstrument og surfegitar, og skapte ein unik spøkjelsesaktig stil.

HistorieEndra

The Chantays vart skipa i 1961 av fem skulevener. Bob Spickard, Brian Carman (medlåtskrivar på «Pipeline»), Bob Welch, Warren Waters og Rob Marshall var alle studentar på Santa Ana High School i California, då ei lokal gruppe kalla The Rhythm Rockers inspirerte dei til å skipe The Chantays. I desember 1962 gjekk gruppa i studio og spelte og gav ut «Pipeline», som nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i mai 1963. Denne gjekk òg inn på UK Singles Chart i 1963 og nådde ein 16. plass der.[1] The Chantays gav ut debutalbumet sitt i 1963, òg kalla Pipeline, som inneheld «Blunderbus» og «El Conquistador». Oppfølgjaren deira var Two Sides of The Chantays i 1964.

The Chantays turnerte i Japan og USA og spelte stundom på turnear med The Righteous Brothers og Roy Orbison, og var det einaste rock and roll-bandet som spelte på The Lawrence Welk Show.[2]

«Pipeline» har blitt ein av dei største surferockhittane og har sidan blitt spelt av Bruce Johnston, Welk, Al Caiola, The Ventures, Takeshi Terauchi & Blue Jeans, Agent Orange, Hank Marvin, Lively Ones, Pat Metheny, Dick Dale med Stevie Ray Vaughan (Grammynominert), thrashmetalbandet Anthrax, Bad Manners og Johnny Thunders. «Pipeline» har blitt nytta i mange filmar og TV-program og finst på mange samlealbum. «Pipeline» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma Rock and Roll. I lag med Bill Medley frå Righteous Brothers og Diane Keaton, har The Chantays fått ei gate kalla opp etter seg i Santa Ana i California, Chantays Way.[3]

The Chantays er framleis aktive.

MedlemmarEndra

  • Bob Spickard — gitar: opphavleg medlem
  • Brian Carman (1945-2015)  — gitar: opphavleg medlem
  • Bob Welch — trommer: opphavleg medlem
  • Warren Waters — bassgitar: opphavleg medlem
  • Rob Marshall — piano: opphavleg medlem
  • Ricky Lewis — gitar: langvarig medlem
  • Gil Orr — gitar/bassgitar: langvarig medlem
  • Brian Nussle — bassgitar: langvarig medlem

DiskografiEndra

AlbumEndra

  • Pipeline (1963)
  • Two Sides of the Chantays (1964)
  • Next Set (1994)
  • Waiting for the Tide (1997)

SinglarEndra

  • «Pipeline» (1962)
  • «Monsoon» (1963)
  • «Space Probe» (1963)
  • «Only If You Care» (1964)
  • «Beyond» (1964)
  • «Greenz» (1965)
  • «Fear of the Rain» / «(I Won't Cry) So Be On Your Way» (1965) som 'The Ill Winds'
  • «It Never Works Out for Me» (1965) som 'Leapin' Ferns'

PrisarEndra

KjelderEndra

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 100. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Lawrence Welk May 18, 1963
  3. OC Weekly Magazine
  4. The Chantays, Honors.

BakgrunnsstoffEndra