Opna hovudmenyen
The Righteous Brothers

The Righteous Brothers var ein duo sett saman av Bill Medley (baryton) og Bobby Hatfield (tenor).

Bill Medley var fødd 19. september 1940 i Santa Ana. Bobby Hatfield var fødd 10. august 1940 i Beaver Dam i Wisconsin, men voks opp i California. Gruppa blei skipa i 1962 i California, og kan vera eit døme på det som vert kalla «Blue-Eyed Soul» (kvite musikarar som framfører soul inspirert av svarte musikarar). Songarane er ikkje brør, sjølv om namnet kunne tyda på det. Den største suksessen til gruppa var med songen «You've Lost That Lovin' Feelin'» i 1965. Dei hadde òg suksess med songane «Just Once in My Life», «Unchained Melody» og «Ebb Tide» frå same år, og «(You're My) Soul and Inspiration» frå året etter. Hitsongane var produsert av Phil Spector.

På slutten av 1960-talet skilde dei to songarane lag, men hadde ikkje særleg sukess åleine. Dei gjenopptok samarbeidet i 1974 og heldt saman fram til Hatfield døydde 5. november 2003. Same året blei gruppa teken med i Rock and Roll Hall of Fame.