The Ed Sullivan Show

The Ed Sullivan Show var eit amerikansk fjernsynsshow som gjekk på CBS frå 20. juni 1948 til 6. juni 1971 med programleiaren Ed Sullivan.[1] Programmet vart erstatta i september 1971 av CBS Sunday Night Movie.[2]

Ed Sullivan i 1955

I 2002 var The Ed Sullivan Show rangert på 15. plassen på TV Guide si liste over dei 50 beste fjernsynsshowa gjennom tidene.[3] På tilsvarande liste i 2013 var det på 31. plassen.[4]

Programmet gjekk kvar søndag kveld frå kl. 20 til kl. 21. Alle typar for underhaldning vart vist fram på pgorammet frå klassisk musikk, operasongarar, popartistar, komikarar, ballettdansarar, skodespelarar som framførte monologar og sirkusartistar. Formatet var i røynda det same som varieté.[5]

Kjende episodar og artistar endre

The Ed Sullivan Show er særleg kjend for å ha introduserte og skapt gjennombrotet for mange artistar i 1950- og 1960-åra i Amerika, som Elvis Presley, The Beatles, The Supremes, The Dave Clark Five, The Animals, The Beach Boys, The Jackson 5, Janis Joplin, The Rolling Stones, The Mamas & the Papas, The Lovin' Spoonful, Herman's Hermits, The Doors og The Band. Den kanadiske komikarduoen Wayne and Shuster var på programmet 67 gonger, meir enn nokon annan.[6]

Elvis Presley si første framføring på programmet vart sett av 60 million menneske, som på den tida var 82,6 prosent av alle TV-sjåarar i USA, noko som er det største TV-publikummet i historia. The Beatles vart sett av 73,7 millionar menneske i 1964, men det var då 45,3 % av alle sjåarar i USA.

Kjelder endre

  1. «Ed Sullivan Biography | Ed Sullivan Show». Edsullivan.com. Henta 31. mars 2018. 
  2. «Prime Time TV Schedule : 1967 Season». Web.archive.org. Arkivert frå originalen (TXT) 14. mars 2008. Henta 31. mars 2018. 
  3. «TV Guide Names Top 50 Shows». Cbsnews.com. 11. februar 2009. Henta 31. mars 2018. 
  4. Fretts, Bruce (23. desember 2013). «TV Guide Magazine's 60 Best Series of All Time - Today's News: Our Take». TVGuide.com. Henta 31. mars 2018. 
  5. «History of the Ed Sullivan Show | Ed Sullivan Show». Edsullivan.com. 9. februar 1964. Henta 31. mars 2018. 
  6. «Wayne and Shuster» The Canadian Encyclopedia. Charles Dougall, 02/07/2006

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: The Ed Sullivan Show