David Howell Evans (fødd 8. august 1961), betre kjend under scenenamnet The Edge (eller berre Edge),[1] er ein britiskfødd, irsk musikar og låtskrivar, mest kjend som sologitarist, klaverspelar og korvokalist i rockebandet U2. Han har vore medlem sidan starten av bandet og har spelt inn 13 studioalbum med bandet, og eit eige soloalbum. Som gitarist har Edge utvikla ein minimalistisk og teksturbasert spelestil. Han nyttar ein rytmisk delay-effekt som skapar ein særeigen romleg, klingande lyd som har blitt signaturlyden til U2.

The Edge

Gillette Stadium i 2009
Fødd8. august 1961 (62 år)
FødestadBarking i London i England
FødenamnDavid Howell Evans
AliasThe Edge
OpphavCounty Dublin i Irland
Aktiv1976 til i dag
Sjangerrock, post-punk, alternativ rock
InstrumentGitar, vokal, klaverinstrument
Kjende instrumentGibson Explorer
Fender Stratocaster
Gibson Les Paul
Fender Telecaster
Gretsch Country Gentleman
Gretsch White Falcon
Rickenbacker 330/12
Epiphone Casino
Tilknytte artistarU2, Passengers
PlateselskapIsland, Mercury
Verka somMusikar, songar, låtskrivar
Gift medMorleigh Steinberg
Prisaroffiser av Frihetsordenen, 3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden

The Edge var fødd i London i ein walisisk familie, men voks opp i Irland. I 1976 gjekk han på Mount Temple Comprehensive School, og var med å danne U2 i lag med skulekameratane og den eldre broren Dik. Dei var inspirert av punkrock og dei enkle arrangementa og gruppa byrja å skrive sine eigne songar. Dei vart etter kvart eit av dei mest populære banda i musikkhistoria med suksessrike album som The Joshua Tree i 1987 og Achtung Baby i 1991. I løpet av åra har the Edge eksperimentert med forskjellige gitareffektar og innlemma fleire musikksjangrar i sin eigen stil, som amerikansk roots-musikk, industriell musikk og alternativ rock. I U2 har the Edge òg spelt klaverinstrument, og var medprodusent på Zooropa i 1993. Stundom har han òg skrive tekstar.

Som medlem av U2 og som individ har the Edge fremja menneskerettar og filantropiske saker. Han var med å starte Music Rising, ein veldedig organisasjon for å støtte musikarar som vart råka av orkanen Katrina. Han har samarbeidd med U2-kollega Bono på fleire prosjekt, inkludert songar for Roy Orbison og Tina Turner, og musikk til musikalen Spider-Man: Turn Off the Dark og Royal Shakespeare Company si oppsetjing av A Clockwork Orange. Fleire musikkmagasin har rangert the Edge blant dei beste gitaristane gjennom tidene.

Lovord endre

I 2011 rangerte Rolling Stone han på 38. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2] I 2012 rangerte magasinet Spin han på 13. plassen på si eiga lista.[3]

Kjelder endre

  1. McCormick (2006), p. 21
  2. «100 Greatest Guitarist: The Edge». Rolling Stone. 27 November 2008. Henta 16. mai 2016. 
  3. Spin Staff (3 Mai 2012). «SPIN's 100 Greatest Gitarists of All Time». Spin. SpinMedia. Henta 16. mai 2016. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: The Edge
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Edge