The Elder Scrolls: Arena
The Elder Scrolls: Arena er eit episk fantasy open world action RPG-dataspel, utvikla av Bethesda Softworks og lansert i 1994. Spelet er det fyrste i selskapet sin populære The Elder Scrolls-serie, og tek for seg, slik som alle etterfylgjarane, på fantasikontinentet Tamriel.
The Elder Scrolls: Arena | |||
Utviklar(ar) | Bethesda Softworks | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Bethesda Softworks | ||
Distributør | Steam, GOG.com | ||
Komponist(ar) | Eric Heberling | ||
Serie | The Elder Scrolls | ||
Siste versjon | 1.06 (floppy version) | ||
Plattform(er) | MS-DOS | ||
Utgjeving | NA: 25. mars 1994 EU: 1994 | ||
Sjanger | Fantasy Action RPG | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Nettstad | https://elderscrolls.bethesda.net/en/arena/ | ||
Del av serien The Elder Scrolls⠀ | |||
The Elder Scrolls II: Daggerfall→ |
Arena var, saman med det etterfylgande spelet The Elder Scrolls II: Daggerfall, på mange måtar forut for si tid. Spelet hadde blant anna eit avansert system for å skape trylleformlar. På den andre sida fekk Arena kritikk for å gje spelarane ein ganske hard start. Sjølv Ken Rolston, sjefsdesignar for The Elder Scrolls III: Morrowind, seier at han gjennom åra har starta spelet på nytt tjue gonger, men at han berre kom seg ut éin gong av fangeholet som spelaren byrjar i.
På spelet og serien sitt tiårsjubileum i 2004 blei Arena gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting. Ettersom spelet opphavleg blei utvikla for MS-DOS, har nyare system problem med å kjøre Arena utan ein emulator slik som DOSBox.
Spelet si handling tar utgangspunkt i keisaren Uriel Septim VII, som blir halden fanga i ein annan dimensjon av kampmagikaren Jagar Tharn. Helten, styrt av spelaren, skal lauslate fangen ved å finne dei åtte bitane som utgjer The Staff of Chaos.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Elder Scrolls: Arena» frå Wikipedia på engelsk, og «The Elder Scrolls: Arena» frå Wikipedia på bokmål den 22. februar 2014.