The Elder Scrolls II: Daggerfall

The Elder Scrolls II: Daggerfall er eit fantasy open world action RPG-videospel utvikla og utgiven av Bethesda Softworks og i 1996 for MS-DOS. Det er ein oppfølgjar til The Elder Scrolls: Arena og er det andre hovudspelet i The Elder Scrolls-serien. Det er det fyrste spelet i serien som blei vurdert som Mature. Den 9. juli 2009 gjorde Bethesda Daggerfall gratis å laste ned på heimesida deira, som ei feiring for 15-årsdagen til The Elder Scrolls-serien.

The Elder Scrolls II: Daggerfall
Utviklar(ar)Bethesda Softworks
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
DistributørSteam, GOG.com
Komponist(ar)Eric Heberling
SerieThe Elder Scrolls
SpelmotorXnGine
Plattform(er)MS-DOS
UtgjevingNA: 31. august 1996
EU: 1996
SjangerFantasy Action RPG
SpelemodusEnkeltspelar
Nettstadhttp://www.elderscrolls.com/daggerfall/
Del av serien The Elder Scrolls
←The Elder Scrolls: Arena  · The Elder Scrolls III: Morrowind→

Speleoppsett endre

Som i alle The Elder Scrolls-spel, må ikkje spelaren utføre noko spesiell questline eller lage ein spesiell type karakter, men har frie val. Daggerfall har eit system der ein kan lage sine eigne trylleformlar med forskjellege effektar gjennom Mages Guild. Andre funksjonar i spelet inkluderer eit fortryllingsystem til karakteren sitt utstyr, som har liknande konsept som trylleformelsystemet, moglegheita til å kjøpe hus og skip, eit utval av klede og utstyr, dynamiske politiske relasjonar mellom riker, moglegheita til å bli ein vampyr, varulv og meir.

Det politiske systemet består av ei rekkje med av laug, ordenar og religionar, alle med unike oppgåver og oppdrag for spelaren. Ved å bli med i og bidra i desse organisasjonane blir måten NPCar og andre organisasjonar ser spelaren på påverka.

Handling endre

Daggerfall er ein by i heimlandet til Breton-rasen, High Rock. Spelaren er send her på personlig førespurnad frå keisaren. Daggerfall si hovudhistorie har seks avslutningar.

Kjelder endre