Opna hovudmenyen
The Fabulous Little Richard
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve 1958
Innspelt 13. september 1955 - 18. oktober 1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 30:37
Selskap Specialty
Produsent Bumps Blackwell
Little Richard-kronologi
Little Richard
(1958)
The Fabulous Little Richard Pray Along with Little Richard
(1960)


The Fabulous Little Richard var det tredje studioalbumet til Little Richard og slutten på rock and roll-tida hans. Det kom ut 17 månader etter at han hadde forlate Specialty Records. Richard hadde vorte meir religiøs og vendt ryggen til musikken som hadde gjort han kjend. Sjølv om han ei kort tid gjekk bort frå den avgjersla i 1962, og sporadisk gjennom karrieren, markerte dette albumet slutten på den beste perioden hans. For å gjere albumet tilgjengeleg for lyttarane er over halvparten av songane overdubba med ei kvinneleg korgruppe. Plata vart sett saman av unytta opptak og songar som var til overs frå studioinnspelingane.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

I 2013 hadde David Bowie albumet med seg på ei liste over dei 25 favorittalbuma sine, «Confessions of a Vinyl Junkie».[3]

HistorieEndra

Richard hadde fått eit syn om eit fly i brann, og tok det som eit teikn frå Gud om å forlate underhaldningsindustrien. Han fortalte frå 1957: «Det var ti dagar att på turneen, men eg ville ikkje meir. Billettane våre heim var basert på ein to-vekers turné, men eg kravde at alle skulle reise heim til Statane ti dagar for tidleg. Det utrulege er at flyet me var meint å ta styrta i Stillehavet. Det var då eg følte at Gud verkeleg hadde inspirert meg til å gjere det eg gjorde på den tida.»[4]

I plateomslaget står det at Little Richard «er for tida djupt fordjupa i religiøse aktivitetar, og ofrar derfor millionar av dollar han kunne tent gjennom personlege framføringar på fjernsyn, filmar og på konsertar.»[5] Omslaget hevdar òg at dei overdubba spora var Little Richard si avgjersle og det stod skrive att «Little Richard har lagt til stemmer på fleire av songane, som førte han nærare til den type kyrkjesong han voks opp med, og som han no vender attende til»[5]

Songen «Kansas City» inneheld tekst frå hans eigen «Hey, Hey, Hey, Hey», noko The Beatles måtte tilskrive han for då dei spelte denne songen på Beatles for Sale.

Seks månader etter at albumet kom ut, byrja Richard å spele inn gospel, ein sjanger han fortsette i - utanom ein kort periode på Little Star Records i 1962 - dei neste fire åra. I april 1963 gjekk han inn i studioet til Sam Cooke for å spele inn nye songar for Specialty. Offisielt kom han attende til Specialty i mars 1964, og inkluderte ein Cooke-song som var prøvd ut i 1963.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Richard Penniman; utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Shake a Hand» (Joe Morris) 2:48
2. «Chicken Little Baby»   1:58
3. «All Night Long»   2:16
4. «The Most I Can Offer (Just My Heart)»   2:20
5. «Lonesome and Blue»   2:15
6. «Wonderin'»   2:47
7. «She Knows How to Rock» (Willie L. Perryman) 1:59
Side to
# Tittel Lengd
8. «Kansas City (Jerry Leiber, Mike Stoller)»   2:01
9. «Directly From My Heart»   2:20
10. «Maybe I'm Right»   2:07
11. «Early One Morning»   2:14
12. «I'm Just a Lonely Guy» (Dorothy LaBostrie) 2:36
13. «Whole Lotta Shakin' Going On» (Dave Williams, Sunny David) 1:49

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. Allmusic review
  2. Du Noyer, Paul (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music (1st utg.). Fulham, London: Flame Tree Publishing. s. 16. ISBN 1-904041-96-5. 
  3. http://scallemang.ca/bowie25albums/
  4. White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press, page 94.
  5. 5,0 5,1 Specialty Records. (1959). The Fabulous Little Richard sleeve notes Specialty Records.