Opna hovudmenyen

Edgar Vernon Blanchard (17. august 192416. september 1972) var ein USA-amerikansk R&B-gitarist, bandleiar og arrangør og var viktig i musikkmiljøet i New Orleans mellom 1940- og 1960-åra.

Edgar Blanchard
Fødd17. august 1924
FødestadGrosse Tête
Død16. september 1972
DødsstadNew Orleans
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumentgitar
Verka sommusikar, jazzmusikar

Han var fødd i Grosse Tête i Louisiana[1] og lærte seg å spele både gitar og banjo. Han var stasjonert i Europa under andre verdskrigen, og då han kom attende starta han sitt eige band, The Gondoliers, kalla opp etter minne om tida si i Italia. I 1947 vart han bandleiar ved klubben Down Beat på Rampart Street i New Orleans, med Roy Brown som ein av vokalistane og Ernest McLean som andregitarist.[2][3]

Blanchard var i studio første gongen i Houston i Texas i 1949, for Don Robey sitt Peacock Records, men innspelingane hans selde dårleg og han kom attende til New Orleans der han med Dave Bartholomew spelte på Dew Drop Inn. Han var i studio med Roy Brown, og spelte med andre musikarar og songarar som spelte inn musikk i New Orleans tidleg i 1950-åra, som Big Joe Turner, Ray Charles og Professor Longhair for Atlantic; Lloyd Price og Little Richard for Specialty; og Paul Gayten, Eddie Bo og Clarence «Frogman» Henry for Chess.[4]

Han spelte inn eit dårleg motteke album, Let's Have a Blast with the Gondoliers, i 1961, og fortsette å spele med bandet sitt på klubbar i New Orleans til midten av 1960-åra.[4]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra