The Gate of Saturn
The Gate of Saturn Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | 28. mai 2011 | |
Innspelt | 2011 | |
Sjanger | ||
Lengd | 34:24 | |
Selskap | Eastgate | |
Produsent | Edgar Froese | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
The Island of the Fay (2011) |
The Gate of Saturn | The Angel of the West Window (2011)
|
The Gate of Saturn er det 128. albumet totalt og det 52. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mai 2011.[1]
Dette er den fjerde plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.
Plata inneheld fem komposisjonar, der to av dei var nyinnspelingar av tidlegare, kjende spor. Tittelsporet er ein ny komposisjon, men hadde same tittel som vart nytta på komposisjonen «Brain Offender» på ein singel attende i 2003.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Gate of Saturn» | 8:32 |
2. | «Logos 2011» | 6:36 |
3. | «Cool at Heart 2011» | 6:23 |
4. | «The End of Bondage» | 5:31 |
5. | «Vernal Rapture» | 7:22 |
Medverkande
endre- Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
- Thorsten Quaeschning - klaverinstrument
Kjelder
endre- ↑ «The Gate of Saturn». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.