The Hitchhiker's Guide to the Galaxy
The Hitchhiker's Guide to the Galaxy er ein science fiction-komedieserie laga av Douglas Adams som debuterte som ein radioserie på BBC Radio 4 i 1978. Sidan det har serien vorte tilpassa andre format, som teater, ein bokserie på fem bøker publisert mellom 1979 og 1992, ein fjernsynsserie frå 1981, ein film frå 2001, eit dataspel og teikneseriar.
Bøkene
endreBøkene er skildra som «ein trilogi i fem delar». Adams skreiv til saman fem bøker i serien, samt novella «Young Zaphod Plays It Safe»:
- The Hitchhiker's Guide to the Galaxy, [[1979 (norsk tittel: Haikerens guide til galaksen)
- The Restaurant at the End of the Universe, 1980 (norsk tittel: Restauranten der universet slutter)
- Life, the Universe and Everything, 1982 (norsk tittel: Livet, universet, og alt mulig)
- So Long, and Thanks for All the Fish, 1984 (norsk tittel: Ha det, og takk for all fisken)
- Mostly Harmless, 1992 (norsk tittel: Stort sett harmløs)