Opna hovudmenyen

Douglas Adams

engelsk sciencefictionforfattar og humorist

Douglas Noël Adams (fødd 11. mars 1952, død 11. mai 2001) var ein engelsk science fiction-forfattar, best kjend for sitt arbeid med radioserien Doctor Who, bokserien The Hitchhiker's Guide to the Galaxy (Haikerens guide til galaksen) og romanane om den holistiske detektiven Dirk Gently. Samtlege bøker er gjennomsyra av ordspel, talentfull leik med språket og ein til tider obskur humor.

Douglas Adams
Douglas adams portrait cropped.jpg
Fødd 11. mars 1952
Cambridge
Død

11. mai 2001
Santa Barbara

Yrke skodespelforfattar, manusforfattar, romanforfattar, barnebokforfattar, science fiction-forfattar, komikar
Språk britisk-engelsk
Sjanger science fiction, komedie, satire
Far Christopher Douglas Adams
Mor Janet Adams
Ektefelle Jane Belson
Born Polly Jane Rocket Adams
Douglas Adams på Commons

Adams har òg produsert ei rekkje teksteventyrspel.

BibliografiEndra

The Hitchhiker's Guide to the GalaxyEndra

  • The Hitchhiker's Guide to the Galaxy, 1979 (norsk tittel: Haikerens guide til galaksen)
  • The Restaurant at the End of the Universe, 1980 (norsk tittel: Restauranten der universet slutter)
  • Life, the Universe and Everything, 1982 (norsk tittel: Livet, universet, og alt mulig)
  • So Long, and Thanks for All the Fish, 1984 (norsk tittel: Ha det, og takk for all fisken)
  • Mostly Harmless, 1992 (norsk tittel: Stort sett harmløs)

Trilogien (som ironisk nok består av 5 bøker) vart opphavleg skriven som eit radiomanus for BBC, og finst òg som fjernsynsserie. Eit kjenneteikn ved dei ulike versjonane er at innhaldet varierer sterkt frå format til format. Ein spelefilm er òg produsert.

Dirk GentlyEndra

Andre bøkerEndra

Douglas Adams og astronomiEndra

Handlinga i The Hitchhiker's Guide to the Galaxy finn stad rundt omkring i universet og er difor naturlegvis gjennomsyra av astronomi. Den 10. mai 2001, dagen før Douglas Adams brått og uventa døydde, fekk ein ekte asteroide i solsystemet det offisielle namnet (18610) Arthurdent, oppkalla etter hovudpersonen i trilogien. Seinare er ein annan asteroide blitt døypt (25924) Douglasadams.