The Hungry Hearts Performance Band

(Omdirigert frå The Hungry Hearts)

The Hungry Hearts Performance Band, òg kjend som The Hungry Hearts, er eit norsk performanceband skipa i 2006.[1] Bandet har seks medlemmar, og kunstnarisk leiar er Tonje Gjevjon. The Hungry Hearts utviklar og produserer performance-kunst, videoverk, fotografiar, installasjonar, musikk, koreografi og tekstar.[2]

The Hungry Hearts Performance Band
Aktiv2006–
SjangerPerformance, disco, funk, pop

Bakgrunn

endre

The Hungry Hearts vart skipa i 2006 og har stilt med performance-framsyningar ved blant anna Haustutstillinga i Oslo, Bergen Kunsthall, Museet for samtidskunst og Den Norske Opera & Ballett.[3] The Hungry Hearts har òg delteke på over 50 internasjonale filmfestivalar med ulike videoarbeid, og var delaktige i den norsk-indiske spelefilmen Life is a Moment. I 2016 deltok The Hungry Hearts i Melodi Grand Prix med låten «Laika», saman med Lisa Dillan.[1]

Bandet har fått merksemd for sine flamboyante opptredenar, kostyme og disco-inspirerte låtar med seksualiserte tekstar.[4] Alle medlemmane i bandet er lesbiske, og dette er blant hovudtemaa tekstane til The Hungry Hearts.[2]

Medlemmar

endre

Bandet består av seks medlemmar:[5]

  • Tonje Roth Gjevjon
  • Edith Roth Gjevjon
  • Olga Nikitina
  • Isabella Kuppar
  • Sigrún Huld
  • T. K. N.

Tidlegare medlemmar

endre
  • Line Halvorsen
  • Henriette Høyskel
  • Mona Kragar
  • Ellen Frøysaa
  • Ingeborg Kolle
  • Sofia Varino
  • Amina Bech

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 NRK. «The Hungry Hearts featuring Lisa Dillan». NRK (på norsk bokmål). 
  2. 2,0 2,1 «thehungryhearts» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 18. januar 2018. Henta 17. januar 2018. 
  3. «Nå skal 30 000 kikke på det de har laget». Dagbladet.no (på norsk). 7. september 2007. 
  4. «Småfrekke Hungry Hearts». Gaysir. 
  5. «thehungryhearts» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 18. januar 2018. Henta 17. januar 2018.