The Kingdom of Loathing
The Kingdom of Loathing (KoL) er eit humoristisk MMORPG-spel som vart utvikla i 2003 av Zack "Jick" Johnson og Josh "Mr. Skullhead" Nite. Etter kvart som spelet har vakse, har det fått fleire tilsette, og det er no sju fulltidstilsette som arbeider med å vedlikehalde og utvikle spelet.
Spelet er tekstbasert og illustrasjonane er handteikna strekfigurar. Mykje av humoren i spelet er referansar til ulike typar populærkultur, mellom anna film, musikk, dataspel og bøker. Spelarane går rundt i ei surrealistisk verd full av ordspel og satire, i kampen for å skaffa seg kjøt, som er pengeeininga i kongeriket, våpen, erfaring og andre ting.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettsida til spelet Arkivert 2007-04-05 ved Wayback Machine.
- KoL sin eigen wiki