The Margin
Konsertalbum av Peter Hammill
Utgjeve Februar 1985
Innspelt Desember 1983
Sjanger Kunstrock
Selskap Foundry
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
The Love Songs
(1984)
The Margin Skin
(1986)


The Margin er eit konsertalbum av Peter Hammill frå konsertar tidleg i 1980-åra med hans K Group. Hammill var K (på vokal, piano og gitar), Nic Potter var Mozart (på bassgitar), Guy Evans var Brain (på trommer) og John Ellis var Fury (på korvokal og gitar). Albumet kom opphavleg ut som eit dobbeltalbum på Foundry Records i 1985. Det kom ut på nytt nokre år seinare på CD på Virgin Records i Storbritannia og hadde då eitt spor mindre for å få plass til alt på ei CD-plate. På den tyske CD-utgåva mangla det to spor. Hammilll har sidan gjeve ut albumet på sitt eige Fie! som The Margin +. Denne hadde heller ikkje med det eine sporet, «The Second Hand», men inkluderte ein ekstra disk med konsertopptak som var gjevne ut før på piratkopiplata The Secret Asteroid Jungle.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
New Musical Express(positiv)[2]

Albumet vart gjeve ut utan konsertlydar (som applaus). Den ekstra plata som kom ut med The Margin + har derimot publikumslydar.[3]

Plateomslaget er eit nakent svartkvittbilete av Hammill teken av den kjende nederlandske fotografen Anton Corbijn. Det har blitt eit ikonisk bilete av Hammill, og er ofte blitt brukt på plakatar og anna materiale.

Innhald endre

The Margin endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Future Now»3:46
2.«Porton Down»5:38
3.«Stranger Still»6:22
4.«Sign»6:36
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Jargon King»3:15
6.«The Second Hand» (er ikkje med på CD-utgåva)5:57
7.«Empress's Clothes»5:49
8.«The Sphinx In The Face»5:12
Side tre
Nr.TittelLengd
9.«Labour Of Love»5:48
10.«Sitting Targets»5:44
11.«Patient»7:28
Side fire
Nr.TittelLengd
12.«Flight»20:35

+ endre

Nr.TittelLengd
1.«The Second Hand»6:03
2.«My Experience»4:13
3.«Paradox Drive»4:18
4.«Modern»7:42
5.«Film Noir»5:06
6.«The Great Experiment»5:47
7.«Happy Hour»9:46
8.«Central Hotel»5:01
9.«Again»4:22
10.«If I Could»5:52

Medverkande endre

The K Group

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. New Musical Express review
  3. Platenotat av Peter Hammill for «The Margin +», CD (2001). FIE 9125.