Opna hovudmenyen

Nic Potter

britisk komponist og gitarist

Nic Potter (18. oktober 195116. januar 2013) var ein britisk bassist, komponist og målar, mest kjend som medlem av gruppa Van der Graaf Generator i 1970-åra.

Nic Potter
Nic Potter.jpg
Nic Potter i 2007
Fødd18. oktober 1951(1951-10-18)
FødestadWiltshire
Død16. januar 2013 (61 år)
DødsstadLondon
AliasMozart
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–2013
InstrumentBassgitar, elektrisk gitar
Tilknytte artistarVan der Graaf Generator, Peter Hammill, The Misunderstood
Verka somBassist, komponist

BiografiEndra

Nic Potter var fødd i Wiltshire og slutta på skulen då han var 15 for å bli snikkar. Den eldre systera Sally, er ein kjend filmregissør.[1] 16 år gammal vart han med i The Misunderstood, samstundes med trommeslagaren Guy Evans, som kom med frå Van der Graaf Generator, som då hadde ein kort pause. Då Van der Graaf valte å kome saman att etter utgjevinga av The Aerosol Grey Machine, og den tidlegare bassisten Keith Ellis valte å gå til Juicy Lucy i staden for, tilrådde Evans Potter som erstattar.[2]:49

Potter vart først med på albumet The Least We Can Do Is Wave To Each Other, og spelte òg noko elektrisk gitar på eit par songar i tillegg til bass. Halvvegs gjennom innspelinga av det neste albumet, H to He, Who Am the Only One (1970), slutta han i gruppa. På resten av albumet spelte organisten Hugh Banton bass, og tok over basslinjene med basspedalar på konsertane deira.

Potter heldt kontakten med bandet, og i 1971 spelte han bass på det første soloalbumet til Peter Hammill, Fool's Mate, på albumet til Colin Scot', Colin Scot og med bandet Magna Carta. I 1970-åra spelte han òg med Jeff Beck, Chuck Berry, Rare Bird og Steve Swindells. I 1973 samarbeidde han på prosjektet The Long Hello. Han spelte bass på Peter Hammill-albumet Over (1977).

I 1977, då Hugh Banton og David Jackson slutta Van der Graaf Generator, vart Potter beden om å kome attende. Han spelte på både The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977) og det doble konsertalbumet Vital (1978). Han var derimot framleis ikkje komfortabel med dynamikken i bandet og skildra det som «stundom kjennes det som ei sky kjem ned - ei særs illevarslande kjensle»[3] Han vart særleg uroa på ein konsert i Annecy i Frankrike, der nokon hadde prøvd å utføre ein eksorisme medan bandet spelte på scenen, og måtte hjelpast attende garderoben.[3]

Gjennom 1980- og 1990-åra fortsette Potter å spele og turnere med Peter Hammill, mellom anna som bassist for The K-Group (1981–1985), og med The Tigers (1980) og Duncan Browne (1984). I 1983 starta han ein solokarriere, og gav ut fleire album med hovudsakleg elektronisk musikk. I 1985 produserte Potter og spelte bass på det posthume albumet Songs of Love and War av Duncan Browne. I 2008 publiserte Potter konsertalbumet Live in Italy, i lag med mange musikarar som David Jackson og Tony Pagliuca (Le Orme).

DiskografiEndra

SoloalbumEndra

  • Mountain Music (1983)
  • Sketches in Sound (1986)
  • Self Contained (1987)
  • Dreams in View 81–87 (1988)
  • The Blue Zone (1990)
  • The Blue Zone Party (1991)
  • New Europe-Rainbow Colours (1992)
  • Dreamworld (1997)
  • Live in Italy (2008)
  • All Contained (2009)

med The MisunderstoodEndra

  • Golden Glass (The Misunderstood) (1969)

med Van der Graaf GeneratorEndra

med Rare BirdEndra

  • Epic Forest (1972)
  • Somebody's Watching (1973)

med The TigersEndra

  • Savage Music (1980) [1]

med Peter HammillEndra

Andre samarbeidEndra

KjelderEndra

  1. «Profile : Sally Potter». London: The Guardian. 22 January 2013. Henta 9. juli 2017. 
  2. Christopulos, Jim; Smart, Phil (2005). Van der Graaf Generator – The Book. Phil and Jim publishers. ISBN 978-0955133701. 
  3. 3,0 3,1 David Cavanagh (2002). «Run for Your Lives!». Mojo. 

BakgrunnsstoffEndra