John Ellis

britisk komponist

John Ellis (fødd 1. juni 1952[1]) er ein engelsk gitarist og låtskrivar.

John Ellis
Fødd1. juni 1952 (72 år)
FødestadKentish Town i London i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1970
SjangerAlternativ rock, punkrock
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, låtkrivar

Karriere

endre

Ellis var ein av dei som skipa pubrockbandet Bazooka Joe i 1970 og sidan punkrockbandet The Vibrators. I 1978 skipa han det kortvarige Rapid Eye Movement, før han la ut på ein solokarriere i 1979, og gav ut eit par singlar, mellom andre «Babies in Jars» som nådde 34. plassen på UK Indie Chart.[2][3]

I 1980 turnerte Ellis med Peter Gabriel og spelte på albumet Peter Gabriel 4. Sidan 1982 spelte han på fleire album med Peter Hammill, og turnerte med Hammill av og på frå 1981 til 1989. Frå 1981 til 1984 var han medlem av K Group i lag med Peter Hammill.[4]

I 1990-åra var Ellis medlem av The Stranglers, frå og med albumet Stranglers in the Night.[1] I denne perioden skapte han musikk for kunstutstillingar i Europa og fleire kortfamiliar.

Diskografi

endre
  • Microgroove (ukjend år)
  • In Rhodt (Gallery Music #1) (1989)
  • Das Geheimnis Des Golem (Gallery Music #2) (1991)
  • Destination Everywhere (Gallery Music #3) (1995)
  • Our Internal Monologue (Gallery Music #4) (1995)
  • Shock of Contact (Gallery Music #5) (1996)
  • Acrylic (1997)
  • Spic 'N' Span (1999)
  • Map of Limbo (2008)
  • Wabi Sabi 21© (2009)
  • Sly Guitar (2013)

Som bandmedlem

endre

Med The Vibrators:

  • Pure Mania (1977)
  • V2 (1978)
  • VGuilty (1983)
  • Alaska 127 (1984)

Med The Stranglers:

Samarbeid

endre

Med Peter Gabriel:

Med Peter Hammill:

Med Nic Potter:

  • Mountain Music (1983)
  • New Europe-Rainbow Colours (1992)

Med Judge Smith:

Med Cult With No Name

  • Above as Below (2012)
  • Another Landing (2013)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2003) The Great Indie Discography, Canongate, ISBN 1-84195-335-0, p. 155
  2. Gimarc, George (2006) Punk Diary: The Ultimate Trainspotter's Guide to Underground Rock 1970–1982, Backbeat Books, ISBN 0-87930-848-6, p.259
  3. Lazell, Barry (1997). Indie Hits 1980–1999. Cherry Red Books. ISBN 0-9517206-9-4. 
  4. Album notes by Peter Hammill for «The Margin +», expanded reissue of cd «The Margin» (2001). Fie!

Bakgrunnsstoff

endre