50°39′58″N 1°35′28″W / 50.66611°N 1.59111°W / 50.66611; -1.59111

The Needles frå klippene på land
Nærbilete av nålene

The Needles er tre kalkstaurar som står på rekkje i sjøen vest for Isle of Wight i England, nær Alum Bay. Eit fyr har stått på den vestlegaste stauren sidan 1859.[1]

Formasjonen har fått namn etter den tidlegare fjerde nåleforma stauren Lot's Wife som stod her fram til han raste saman under ein storm i 1764.[2] Dei gjenverande klippene er alle korte og tjukke og ikkje nåleliknande i det heile, men namnet har halde ved.

The Needles er ein stor turistattraksjon knytt til Alum Bay. Det går båtturar til klippene frå Alum Bay. Klippene og fyret har vorte symbol på Isle of Wight og er å sjå på mange suvenirar frå øya.

Det stod eit artilleribatteri på The Needles frå 1860-åra til 1954, då det vart sett ut av funksjon.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre